Gå til sidens hovedinnhold

Byutvikling eller byavvikling

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I løpet av mitt yrkesaktive liv har eg, i jobbsamanhang, hatt gleda av å besøka fleire småbyar rundt i landet. I sommar tok me ein rundtur på Nordvestlandet, og eg fekk oppsøka mange av dei same byane på nytt. Sjølv om fleire av dei har klart å ta vare på særpreget sitt, så opplevde eg også at fleire byar var i ferd med å bli avvikla. Kristiansund var ein av dei byane me besøkte, og som no har endra mykje av sin karakter. Det som før var ei sentral handlegate langs kaien, har no berre gråpapir i utstillingsvindaugene sine. Butikkane, og handelen, finn ein i nokre store kjøpesenter utanfor bykjerna. Det er unekteleg meir effektivt å samla butikkane i store sentra med gode parkeringsmogelegheter. Og kanskje er det slike vurderingar politikarane i Kristiansund har gjort, når dei har utforma planane for byen sin.

I Kongsberg har politikarane vald ein annan retning, og gjort ein god jobb for å legga til rette for ei anna byutvikling enn det Kristiansund valde. Politikarane har sagt at detaljhandelen skal vera i byen og ikkje utanfor bykjerna. Dei har lært av dei feila som både Kristiansund, Notodden, og mange andre har gjort. Det har vore ein vellukka politikk så langt. Men no ser me teikn på at det er ein del politikarar som ikkje er så lojale mot dei planane som dei sjølve var med på å vedta. Det er alltid butikkar som forsøker å etablera seg i billigare lokaler utanfor sentrum, framfor å nytta dei lokala som fins i byen. Og det er alltid politikarar, som under dekke av å vera «smidige» støttar opp under alle forsøk på å undergrava den vedtekne planen. Sjølv om eg saknar Biltema, sjølv om det sikkert ikkje hadde vore så farleg om NMS Gjenbruk kjeden fekk etablera seg på Moane, og sjølv om dyrebutikken som ville starta opp på Toppen, ikkje ville ha velta handelen i sentrum, så synest eg det er fint at kommunen er konsekvent, og ikkje gjev unntak kvar gong det er populært.

Difor vil eg applaudera politikarane våre som står imot presset frå dei få oppurtunistiske politikarane som under dekke av å vera «smidige» er med på å undergrava den demokratisk vedtekne planen.

Samstundes vil eg få uttrykka undring over at det vart bygd eit såpass lite lokale i tilknyting til Spar-butikken på Toppen, at den nesten berre kan nyttast til detaljhandel. Var det nokon som rekna med at det skulle vera nok smidige politikarar i UMU til at det skulle gå greit å få dispensasjon?

Kommentarer til denne saken

Kommentarfeltet er stengt. Det åpner igjen klokken 06:00.