Gå til sidens hovedinnhold

Einsidig frå styret i Flsesberg E-verk

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Styret i Flesberg E-verk er ute med eit nytt skriv til aksjeeigarane, med ein del tvilsame grunngjevingar for ein salsfusjon med Midtkraft. Det tydeligaste trekket ved bodskapet er at ingenting blir sagt om samarbeid i Numedal eller om lokalt eigarskap. Nesten alt i skrivet handlar om kor store økonomiske fordelar aksjeeigarane har ved fusjon med Midtkraft. Det blir også påstått at det er tryggare økonomisk for selskapet.

Noko av framstillinga er tendensiøs, og noko er feil. For dei som er opptekne av aksjeutbytte, blir det opplyst at Rollag og Flesberg hadde 0 i 2019, mens det blir underslått at i fusjonen mellom Rollag og Flesberg la opp til aksjeutbytte.

Det blir framstilt som om aksjane i FE er verdt 0 ved fusjon med Rollag FE. Det er heilt feil, for aksjane har verdi i dag, og kan stige mykje. Det viktigaste for aksjeeigarar i FE har aldri vori å tene pengar på aksjane, men å delta i eit godt fungerande kraftselskap.

Eit sitat frå styret sitt skriv om beredskapen i kraftselskapet seier mykje: «De små selskapene som FE, RE og Midtkraft taklet krisa såvidt bra at de ikke opplevde lignende sterke reaksjoner. (...) Derfor er det styrets vurdering at beredskapen blir best med Midtkraft der vi får et vaktsamarbeid med de to nabokommunene Sigdal og Modum». Men ikkje eit ord om at vi mistar samarbeidet med Rollag med eit vaktlag i Flesberg og eitt i Rollag.

Styret i FE framstiller det som om fusjonen med Midtkraft vil føre til at Midtkraft vil vidareføre kontorarbeidsplassane på Lampeland. Kontoret i Prestfoss vart stengt og overført til Vikersund for mange år sidan. Kven er det som trur at Midtkraft vil ha eit kontor på Lampeland? Flesberg kommunestyre, som gir ordføraren fullmakt?

Styret påstår at «Midtkraft vil overføre et stort antall fiberkunder til NUFI». OK, men Flesberg E-verk har berre 25 % av NUFI. At Midtkaft «vil overføre et stort antall fiberkunder til NUFI», og framleis berre ha 25 %, virkar som eit under.

Ingenting i styret sitt skriv om at at Flesberg FE og Rollag FE har tradisjon for samarbeid. Ingenting om at utbygginga av fibernettet i Flesberg vil gå glatt saman med Rollag, ingenting om at ein fusjon med Rollag vil stå sterkt økonomisk. Ingenting om at det vil føre til lokal styring med 68,6 % og hovudkontor på Lampeland.

Etter styret i FE si meining hastar det å bli store. Det gjør det ikkje!

Kommentarer til denne saken