Gå til sidens hovedinnhold

Frå Sæter og Fjeld - siste bolk

Hans Torp ordna det slik at Ragnhild Hovda fekk pengane ho hadde rett på etter svindelen frå trelasthandlar Gulbrandsen og Mofolket. Ho kjøpte attende garden Hovda som ho hadde rett på og avlyste amerikaturen ho hadde planlagt den tida ho såg mørkt på framtida.

Hans og Anna gifta seg og hadde eit festleg bryllup. Om det skriv Henrik Kravik slik:

«St. Hans tura jeg deres bryllup og den drømmen jeg hadde på Gunnarsetra to år før gikk dermed i oppfyllelse. Men det var en forskjell, nemlig at bruden var i strålende humør i stedet for trist og sørgende.

På bryllupskvelden sa jeg til Hans: «Nå Hans er det på tide at du skriver denne fortellingen om til en roman som begynner på Gunnarsetra for to år siden og det siste kapittelet ser du her i kveld»

«Ja, her er brilliante motiver til en roman» svara han og så med et smil på sin unge kone. «Og ja, de motivene bør skrives om, men det passer bedre for deg enn for meg. Så det gjør du!»

«Og da jeg den gang ikke hadde noe annet emne å skrive om så klemte jeg i vei. Og her har leseren resultatet.»

Ja, slik avsluttar Henrik Kravik denne serien «Frå Sæter og Fjeld». Så sit vi her som lesarar da, 124 år etter at boka «Numedalsfolk» kom ut. Vi skal sjå litt på livet til Henrik Kravik, han framstår i alle fall for meg som eit lite mysterium. Dikta han opp alt han skriv om, eller har det rot i sanne historier?

Bygdebokforfattar T H Loftsgård i Nore har i «Nore og Uvdal i forn og nye b 3» drøfta dette noko, særleg under kapitelet om Skagsoset. Loftsgård meiner nok at det er hald i desse historiene, i alle fall ein del av dei.

Men kven var Hans Torp? Etternamnet Torp finst ikkje i Numedal så det er ei omskriving. Men har han levd og fekk han ordna opp i svindel og falskneri? Etter det Henrik Kravik skriv så var Hans styrar for bladet Folkebudet i USA. Mange vil kjenne Folkebudet som ei avis i Henrik Ibsens Villanden. Henrik kjente nok den og bruka namnet. Men kan det likevel vera noko anna enn fiksjon i det? Du hugsar kanskje at Hans Torp fortel om ei jente han var forelska i over i Amerika. Ei dotter av ein yankee i byen Butte i Montana. Hans fortel at dei var så forelska at om dei ikkje såg kvarandre på 24 timar så skreiv dei brev. Postmannen var jenta sin bror som hadde skulevegen sin forbi kontoret til «Folkebudet», altså for den avisa Hans skal ha hatt jobb. Det gjorde meg nysgjerrig og etter omfattande søk fekk eg kontakt med arkivverket i byen Butte i Montana. Og det viser seg at nettopp i Butte var det ei norsk/skandinavisk avis som heitte «Folkebladet». Men altså ikkje Folkebudet! Kan det vera noko i det likevel? Tre sentrale personar er nemnd i samband med Folkebladet, Oftedal, Swenson og Gunnerson altså ingen Hans Torp eller andre namn som kan knytast til Veggli. Og så skal det seiast at Folkebladet fekk redaksjonar rundt i fleire statar i Amerika.

Men så tilbake til Veggli. Gardsnamnet Kvisland som Kravik brukar er heilt sikkert Kvisle. Men personnama har han endra. Derimot skriv han om Nils Bratterud som ville rydde ny setervoll innunder Vardefjell. Nils Hellekson Bratterud (1774-1829) kjenner vi jo som felemakar. Plassenamna Fosslid og Høgelid er lett å kjenne att i Fosslikøset og Høghaug.

Uansett så fører Henrik Kravik oss inn i ei tid vi har gløymd. Han var son av Ingeborg Kravik f 1833 og Johannes Vold frå Læårdal. Johannes var vegoppsynsmann og da jobben var gjort reiste han frå Numedal. Og Ingeborg sat att med Henrik. Ho overtok Bratterud etter faren og dreiv i mange år. Syster hennar Birgit budde ugift i Bratterud og er tanta som Henrik skriv om som budeie på Gunnarsetre.

Så her endar altså serien om Frå sæter og Fjeld og eg er i vurderingar om vi også skal ta med nokre stykke om «Nume Vardebygger» som Henrik har skrivi om i den same boka «Numedalfolk» - fortellinger og skildringer utgitt på Erlandsens bogtrykkeri på Kongsberg i 1897.

Kommentarer til denne saken

Kommentarfeltet er stengt. Det åpner igjen klokken 07:00.