Gå til sidens hovedinnhold

Fusjon mellom Flesberg Elverk og Rollag Elverk er best

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Aksjeeigarane i Flesberg elverk har enda ein gong fått «informasjonsbrev» frå styret. Som i alle sine skriv tidligare er styret opptatt av å finne negative sider ved ein fusjon med Rollag og ingen positive sider, som full lokal styring og hovudkontor på Lampeland. Styret har unnlatt å informere om at ein fusjon mellom FE og RE kan spara store pengar på felles administrasjon, og at Stortinget har vedtatt utjamningstilskot på nettleiga for små selskap. Det har vori tydelig at dette er eit uaktuelt alternativ som styret i Flesberg elverk ikkje har brukt tid på.

I det siste informasjonsbrevet avviser dei derfor dette alternativet med noe tvilsam argumentasjon: «Rollag og Flesbergs elverk har i mange år på mange måter blitt drevet som ett selskap. En fusjon vil derfor i liten grad tilføre noe nytt. Mens eksisterende svakheter videreføres.» og «Rollagavtalen som ble inngått i 2020, er ikke lenger gyldig, og tallmaterialet for avtalen er foreldet.» Altså: Styret i FE har ikkje gjort noe for å oppdatere avtalen. Dette burde kunna vera grunnlag for mistillit til styret.

Ein annan grunn styret terpar på, er: «Rollagavtalen gir Flesberg-aksjonærene en ugunstig eierbrøk.» Dette er det svært varierande meiningar om. 79 % (over 200) av generalforsamlinga i februar i fjor meinte at 68,6 % av det fusjonerte selskapet var rettferdig. Dette blir 66,6 % fordi Rollag vil betale Flesberg 2,5 mill kr. ( Les også Sigmund Brøtans innlegg i Lp: Flesberg elverk. Er Flesberg kommunestyre ført bak lyset?) Styret i Flesberg elverk tør heller aldri å opplyse aksjonærane om at RE er meir effektivt enn FE.

Styret skriv også : «Et sammenslått FE/RE vurderes som ikke bærekraftig over tid,» For kor lang tid da? Det er få skyer på himmelen nå. Både Rollag elverk og Flesberg elverk har levert gode resultat dei siste åra: RE har auka effektiviteten betydelig, og dei hadde i 2020 eit overskot på 4,8 mill. Flesberg har også hatt overskot, og når selskapet igjen slepp å betale så mykje til advokatar og konsulentar, er utsiktene gode. Både FE og RE vil dei næraste åra bygge ut store verdiar i fibernett på fjellet.

Styret i FE skryt av ein eigarandel i Midtkraft på 20-25 % og eventuelt kontorarbeid på Lampeland, men har ingen garanti mot å bli overkjørt etter kort tid. Dei bør ha fantasi nok til å tenkje seg kvifor Midtkraft la ned kontoret på Prestfoss. Styret later også som om vaktordninga i Flesberg blir like bra utan vaktlaget frå Rollagein tvilsam påstand. Fusjon med Rollag vil gje Flesberg ein eigarandel på 66,6 % og hovudkontor på Lampeland, så dette vil gje mykje større grad av sikker lokal styring.

Sjå også Sigmund Brøtans innlegg: Flesberg Elverk: Rollag er den klart beste fusjonspartner!

Kommentarer til denne saken