Gå til sidens hovedinnhold

GF i Flesberg E-verk vart ei flau forestilling

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Styret i Flesberg E-verk skylder på tekniske problem for at dei måtte avbryte generalforsamlinga. Det kan også finnast andre problem.

Det første var at Sigmund Brøtan fekk tid til å framføre ei velgrunna klage både over for kort innkallingsfrist og over at forslaga hans, bl.a. om Rollag som alternativ, ikkje var sett opp på dagsorden til avstemming.

Det andre var nok at styret fekk beskjed om at dei andre eigarane av Numedal Fiber (Rollag, Nore og Uvdal) ville bruke forkjøpsretten sin til Flesbergs aksjar. Styret hadde slurva med å undersøke dette da dei selde NUFI-aksjar til Midtkraft.

Generalforsamlinga i Flesberg E-verk er utsett, og det mest spennande er om Rollag blir alternativ, og om styret har greidd å ordne opp forholdet mellom Flesberg E-verk og NUFI ved neste korsveg.

Kommentarer til denne saken