Gjermund og Anna
Far og son Fjeldbu kom ut for eit hardt uvær på heimevegen etter reinsjakta si. Einaste utvegen dei hadde var å grava seg ned i snøen. Det hadde far Torleiv vore med på før så han visste vel kva dei måtte gjera og kva som venta dei. Men denne gongen kjente Torleiv på noko han ikkje hadde kjent før – ei slags uro i bringa…