Gå til sidens hovedinnhold

Grøn industriomstilling med oljesluttdato i 2035

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Takk for innlegg frå Ingar Håkonsen 11.05 - for anerkjenning for landbruks-, plast- og miljøpolitikk og for gode spørsmål om petroleumspolitikken.

Innlegget til Ingar har mange gode poeng, og eg lærte jammen litt om utvinnings- og distribusjonskjede av gass i USA i slengen, men det problematiserer altså MDGs mål om å fase ut produksjon av norsk olje og gass innan 2035.

Eg står støtt for petroleumssluttdato i 2035, og trur eg har ein annan tilnærming til saka enn Ingar. Kjernen i våre ulike tilnærmingar blir godt illustrert i hans nest siste setning: "Det beste Norge kan foreta seg, er å produsere til etterspørselen er så lav at det er ulønnsomt, og om det er lønnsomt eller ikke bør vi overlate til selskapene, og ikke til politikerne".

Ingar seier med dette at Noreg ikkje aktivt skal påverke verdas energimarknad den eine eller andre vegen. Me skal følge etterspurnaden, som ein sau i ein saueflokk.

MDG har større ambisjonar for Noreg og vår påverknad på den internasjonale energimarknaden enn det. For kva avgjer etterspurnaden? Kva avgjer kva som er lønsamt for selskapa?

Lønsemda i grøn industri- og energiomstilling blir stadig hjelpt litt fram av marknaden, men marknaden hadde aldri endra kurs om ikkje politikken begynte å stille krav, eller vedta mål. Idealistiske selskapseigarar kan kanskje også bidra litt til å skyve på marknader, men politiske krav og mål om at noko forureinande skal vekk er det sikraste signalet for at "snart blir businessen risikabel, på tide å investere i noko nytt og trygt, som ikkje forureiner".

Me vil bidra til at verda skal halvvere sine klimagassutslepp innan 2030 og vera i netto null innan 2050, som er dei estimerte krava for å nå 1,5-gradersmålet i Paris-avtala, fordi det er det einaste riktige. Det er politikkens oppgåve å leggje planetens tålegranser og eit leveleg klima til grunn, og så seie til selskapa "skap det de vil innanfor desse grensene". Og veit du kva - det kan verda klare!

Klimamål i tråd med Paris-avtala er i ferd med å bli universelle, verda peiker på ei stadig raskare utvikling mot ei fornybar og sirkulær framtid. Då er det ikkje lenger relevant om det finnest "uttømmelege fat olje" under bakken. Begrensingane me set for petroleumsverksemd her i Noreg er difor ein moglegheit til å vera frampå med neste generasjons løysingar - slik som flytande havvind med hydrogenlagring, ein meir altomfattande krinslaupsindustri eller industrielt prosessert gjødsel basert på organisk opphav.

Morgondagens arbeidsplassar representerer dei trygge arbeidspassane, og dei krev gradvis omstilling som må starte i dag. Noreg kan gå foran som fyrste store petroleumsnasjon og vise korleis ein kjem til fornybarsamfunnet på ein økologisk, økonomisk og sosialt berekraftig måte. Det vil me i Dei Grøne anstrenge oss for å få til på klokast mogleg vis - og me set ned ein oljekommisjon der petroleumsnæringa sjølv skal site aktivt med i slutnadar for best mogleg omstilling innan den gitte fristen.

Me vil fristille kapital og dei utallige kloke hovudene til å løyse vår tids største utfordring. SSB viser nemleg at oljesatsinga er ein bremsekloss for grøn industriomstilling i Noreg, grunna at kompetanse og kapital blir oppslukt i gårsdagens løysingar, saman med betydelege forskingsmiddel og utdanning, som heller kunne vore friske innskot i dei nye.

MDG har mål om at Noreg skal bidra til å endre energimarknaden i verda, både ved at den nye teknologien frå Noreg vil bli selt over heile verda, og at dette kan gjere grøne løysingar billegare og betre enn fossile raskare, og me vil at andre oljenasjoner vil sjå til oss for inspirasjon til prosessen i seg sjølv. Me vil leggje prestisje i å lykkast på ein måte der me har selskap og arbeidarar med oss.

Og når alt dette er sagt - jo, analyser viser at kutt i norsk olje- og gassproduksjon faktisk gir raske kutt i verdas olje- og gassforbruk. Minst ein fjerdedel og sannsynlegvis meir enn det blir ikkje erstatta av annan petroleum, det blir energieffektivisert ut eller erstatta av fornybar energi. I størrelsesorden er dette meir enn det dobbelte av dei totale årsutsleppa i Noreg.

Sist vil eg kommentere at eg håpar verkeleg ikkje norsk petroleumsutfasing indirekte vil bidra til fleire våpen på avveie til krigen i Jemen. MDG støtta nyleg forslaget til SV om å utføre ei gransking etter Riksrevisjonens rapport som avdekka betydeleg risiko for at norske våpen selt til Emiratene har blitt brukt i Jemen-krigen. Dessverre falt forslaget, bare støttet av oss to og Rødt.

God klima- og fredspolitikk, og at våpenproduserande land som Noreg fører ein ansvarleg og streng våpeneksport, trur eg likevel er meir effektivt til fredsformål for Jemen og andre plassar enn å oppretthalde norsk oljeproduksjon.

Kommentarer til denne saken