Det vart ein stemningsfull og triveleg fest i kyrkjestugo i Rollag på laurdag. Gunhild Torsrud og Gunhild Aasen las opp ein innhaldsrik og høgtideleg prolog om den hundre år gamle historia til laget. Utsendingar frå Mållaget og Flesberg kommune kom med helsingar og lovord til jubilanten. May Britt Jensen frå Noregs mållag var imponert over engasjementet. Ho tykte det var særleg interessant med alle orda for ulike planter som ho hadde funne på dialektnettsida til laget. Medan samane har hundre ord for snø, så meinte ho at numedølane hadde utruleg mange ord for molter. Numedølane har verkeleg elska den guloransje delikatessa!

Lars-Erik Jacobsen fekk målprisen for 2023 av Buskerud mållag. Det var brei semje om at Lars var ein verdig mottakar av målprisen. Som lærar, privatmann og i politikk og organisasjonsliv har han utmerkt seg som ein framifrå formidlar av kulturarven på dialekt. Lars kjem opphavleg frå Enebakk utanfor Oslo, men må i dag seiast å vera ein særs velintegrert innflyttar. Ingen har slik forteljarevne og -glede som Lars, få snakkar så mønstergildt noringsmål, og ingen i Numedal har engasjert seg slik for lokalt språk, kultur og tradisjonar som honom.

Lars har spreidd kunnskap og engasjement for Nore og Numedal, ikkje minst det lokale folkemålet, og gjort det til noko å vera kry av og glad i. Før "identitet" vart eit moteord har Lars arbeidd for nettopp dét med heile seg. Som lærar har han vore ein talsmann for nynorsk og dialekt. Som privatmann bur han nærast i eit eige museum der han har samla inn både hus og gjenstandar frå det gamle bondesamfunnet. Her tok han mellom anna imot Oddgeir Bruaset i serien 'Der ingen skulle tru at nokon kunne bu'.

Numedal mållag er ei utviding av Rollag mållag som vart skipa i 1923. Mållaget arbeider for å fremje bruken av nynorsk og dialekt. Laget har mellom anna drive med barnehagebesøk, skrivetevling og helde nynorskkurs for lærarar. I dag har Numedal mållag eit stort fokus på dialektane i dalen. Ei dialektnettside for Numedal er fylt med over 10'000 ord, språkinfo og lydfiler (www.numedalsmal.no). Til saman 30 personar fordelt på arbeidsgrupper i bygdene møtest regelmessig for å leggje inn meir stoff.