Dei siste femti åra har dyrebestandane i verda stupt med heile 69 prosent. Meir enn ein million artar står i fare for å døy ut i løpet av ti år. Også her i landet har fleire tusen artar hamna på raudlista, som betyr at det er ein risiko for at dei kan utryddast frå Noreg. Mange naturtypar er i fare, og med det leveområda til plantar og dyr. Balansen i naturen blir øydelagd. Biene og blomstrane kjenner me òg til: ifølgje FNs naturpanel risikerer me å mista tre firedelar av matvarene våre dersom me ikkje tek vare på pollinerande insekt.

I desember i fjor signerte Noreg FNs naturavtale, som forpliktar oss til å stansa naturtapet innan 2030 og starta arbeidet med å restaurera øydelagd natur. Verda har anerkjent at naturkrisa er akutt, og at det trengst store tiltak for å snu utviklinga. Arbeidet med å følgja opp naturavtalen med meir vern og restaurering av øydelagd natur må setjast i gang.

Alle naturinngrep skjer i ein kommune. Det er kommunen som regulerer areal til nye bustader, næringsområde og hyttefelt. Kongsberg har eit ansvar for å ta vare på naturen, og me må snu den negative utviklinga gjennom god lokal forvaltning av skogane, elvane og matjorda vår. At SV fekk inn å utarbeide arealbudsjett i førre budsjettprosess, er eit viktig steg i rett retning. Med eit godt kartlagt arealbudsjett får me betre oversikt over sårbar og verdifull natur i kommunen vår og korleis den er trua. Når me har eit kunnskapsgrunnlag som tydeleg syner konsekvensane av våre inngrep, anten det handlar om næringsareal, bustader eller hytter, er det lettare å stanse dei før øydelegginga skjer.

Me har ei naturkrise, og det hastar å snu utviklinga. Difor har Kongsberg SV blant anna programfesta å utvide Barmen naturreservat slik statsforvaltaren går inn for, altså med utviding tett inntil skibakkane i Funklia og arealet vidare vestover. Me i SV prioriterer naturen framfor kortsiktig profitt, slik at me sikrar livsgrunnlaget for oss alle. Det er du som veljar som avgjer om naturen skal ha ei stemme eller nok en gang avfeiast som mindre viktig. Stemmer du SV stemmer du på eit parti som lovar å ta naturen på alvor.