B-klassa er for dei over 20 år og som ikkje enda er kvalifiserte for eliteklassa, A-klassa.

Klassa er dominert av unge spelemenn og jenter som er på veg opp. Og det ein gamal travar legg merke til er alle dei gode felene. Det er lite stemming og tidsspille med det på scenen. Dernest altså, nivået på utøvarane.

Det vert tydlegvis gjort eit kjempearbeid rundt i landet med opplæring av unge utøvarar.

Vi hadde med tre i denne klassa, Kenneth Hoskuldsen de Gala, Ingar Vaskinn og Bjørnar Blaavarp Heimdal. Men vi vil og ta med sandefjordsguten Lars Ingar Meyr Fjeld, han som kjøpte Helland fela til Leif Aasane. Resultatet av det kjøpet er heilt fenomenalt, det felemålet er det få som hamlar opp med.

Ingar og Kenneth er ikkje av dei aller yngste, men dei gjorde sine saker bra og representerte på ein særs fin måte. Bjørnar er debutant på fele, men som ein veit meisterdansar i  lausdans så han er allsidig.

Elles er det fint i Gudbrandsdalen, men dei har ikkje so gamle hus som Numedal har, til gjengjeld har dei dårlegare bandbreidde for internettet sitt.