Aller først vil eg beklaga at avisa det siste året ser ut til å driva kampanjejournalistikk mot oss når det gjeld ansvarsoppgåvene våre på arealplanlegging. Vi undrar oss over at vi ikkje har fått sjanse til å svara på påstandane som ordføraren i Nore og Uvdal rettar mot oss.

Dette ligg svært nært grensa for brot på Ver varsam-plakaten § 4.14 om at dei som blir utsett for sterke skuldingar skal så vidt mogleg ha tilgang til samtidig imøtegåing av faktiske opplysningar.

Samtidig ser eg dette som eit godt høve til å informera Laagendalsposten sine lesarar om nokre av Statsforvaltaren sine oppgåver. Planlegging og arealforvaltning er ein føresetnad for god samfunnsutvikling og berekraft. Regjeringa og Stortinget fastset dei nasjonale måla, og vi skal bidra til at kommunale planar tar vare på nasjonale og vesentlege regionale interesser innan landbruk, klima og miljøvern, folkehelse, interessene til barn og unge, samfunnstryggleiken og gravplassar.

Det kommunale sjølvstyret er ein viktig del av samfunnsordninga i Noreg, men er på fleire måtar underlagt ei rekkje avgrensingar. Statsforvaltaren kan fremja motsegn når det er nødvendig. Dette skal sikra at kommunane ikkje vedtek planar i strid med nasjonale eller vesentlege regionale interesser. Klima- og miljødepartementet har utarbeidd eit rundskriv for å klargjera miljøforvaltninga sin innvendingspraksis, som vi legg til grunn når vi vurderer konkrete planforslag frå kommunane.

Kommunane får årleg forventningsbrev frå oss om desse omsyna.

Eg vil ikkje driva sakshandsaming i avisa, men vil heller tilrå at alle interesserte går gjennom høyringsfråsegnene våre grundig før dei gjer seg opp ei meining om oss.

Det vil gi eit meir nyansert bilete av kva vi ønskjer for kommunen. Vi må også hugsa at når vi seier nei til noko, så seier vi ja til noko anna - som kanskje er minst like viktig. Det er også greitt å vita at Nore og Uvdal kommune allereie i dagens planar har reservar på minst 90 ubygde regulerte bustadtomter og 2 200 regulerte hyttetomter som ikkje er utbygd. I tillegg er det tomtereservar på ca. 300 hyttetomter i eldre planar og i ei rekkje område for spreidd bustad, fritids- og næringsbusetnad.

Det blir bygd ca. fire nye bustader og 100 nye hytter i året, og kommunen har om lag 4 000 hytter i dag.

Eg ynskjer ei god og berekraftig utvikling i Nore og Uvdal kommune, og eg ser fram til eit godt samarbeid med Kongsberg og Numedal framleis, der vi har respekt for ansvarsområda og rollene til kvarandre.