Eg meiner einkvar by av eit visst omfang må produsere biogass på slammet (bæsjen) til innbyggjarane sine, og bruke den til noko nyttig.

Eg har lurt: kvifor er det ikkje nokon slik produksjon på Kongsberg-slammet? Og ligg ein del av svaret i for svake miljøkrav og -avgifter?

Slam er ein ressurs med eit energipotensial. Metangass produserast om ein råtnar slam kontrollert i reaktorar utan luft. Gassen kan fangast og nyttast til energiføremål. Anten kan ein brenne den direkte til varme, brenne den til kombinert straum-og-varme-produksjon (CHP) eller oppgradere den til drivstoff, som kan erstatte naturgass i gassdrivne køyretøy.

Kongsberg har hatt ein biogassproduksjon basert på slam og matavfall, som vart brukt til litt nyttige ting - drift av anlegget og slik. Diverre var det mange driftsproblem i anlegget grunna feilsortering. Det eg er fortald er at folk kasta feil ting i matavfallet, maskinene stoppa for ofte, det vart dyrt, produksjonen i sin dåverande form stoppa og no sendast matavfallet ut av byen.

Så ynskja Kongsberg kommune igjen at det skulle bli ny biogassproduksjon. Det var tilogmed eit selskap som var klare til å starte, men trakk seg i siste liten - fordi dei meinte det var for lite råstoff til å ha eit anlegg som vart lønsamt.

Og det er der eg meiner me må stoppe opp og tenkje litt. Kva seier det, når ein by av ein ok storleik, ikkje finn det lønsamt å produsere eit fornybart energiprodukt basert på "gratis" avfallsressursar, med relativt moden teknologi?

For meg seier det to ting:

1. Prisen på fossil energi er for låg.

2. Prisen på straum er for låg.

Når lønsemda går ned på det som er dårleg for planeten, går den raskare opp på det som er bra for den. Andre biogassanlegg eg har prata med er tydelege på at når andre energiberarar blir dyrare med auka CO2-avgift, vil deiris biogass bli endå meir konkurransedyktig. Dei investerer langsiktig, med ein aukande CO2-pris som premiss for lønsemd. I kor stor grad petroleum skal ut av energimiksen er vidare heilt tydeleg avgjerande for lønsemda og forutsigbarheita til grøne alternativ.

Framtidas grøne energimiks handlar om ny, fornybar energi, men den handlar også om å bruke dei ressursane me allereie har smartare.

Norsk, regulerbar vasskraft bør i større grad blir nytta til å bidra til effektbalanse i det stadig meir fornybare straumnettet i Europa, av omsyn til klimaet og eit stabilt energisystem. Det kan gje dyrare straumprisar heime, som gjer at det også blir meir lønsamt å vere nyskapande med energisparing og -produksjon. Innovative løysingar me i dag kan fryde oss over å sjå på Vestsiden Ungdomsskole blir vanlege over alt. Og kanskje ein biogassinvestor igjen vil ta turen for å vurdere potensialet frå slammen i Kongsberg?

Kanskje blir det vidare Kongsberg som løyser den neste store utfordringa med biogassproduksjon basert på menneskeslam, nemleg tungmetallane i bæsjen vår som helst ikkje bør gå til matjorda? Kva kan me rense ut frå råtneresten, og kva løysingar kan me finne for at me får mindre miljøgifter i kroppane i utgangspunktet? Dette er store spørsmål med mange små svar.

Som grøn politiker vil eg slå store slag for investering i grøne løysingar, ikkje minst på biogass og deribland støtte til distribusjon, og FoU og pilotar på god handtering av råtneresten. Men eg slår jammen eit slag for høge miljøkrav og -avgifter også. Krava og avgiftene blir ofte snakka ned i miljødebatten som noko vondt og vanskeleg, men er i røynda også ein døropnar - eit springbrett for teknologiutvikling og lønsemd i oppskalering av nye, grøne løysingar.

Til slutt - hugs at det er viktig å sortere matavfallet godt! Dingsar på avveie er forstyrrande for maskinene i biogassanlegg, også utanfor Kongsberg.