Gunhild Stordalen frå EAT og eg er ueinige om dette. Eg meiner at ho undervurderer kor viktig kjøtt har vore og er i det norske kosthaldet - og kor viktig det kjem til å vera for sjølvberginga vår i framtida. Nasjonal sjølvforsyning av mat er ein viktig del av eit berekraftig samfunn.

Norsk husdyrhald er noko heilt anna enn industrielt landbruk internasjonalt. Klimarekneskapen blir såleis annleis i utgangspunktet. Vi kan også auke beitebruken og bruken av norsk fôr til det beste for både husdyra og klimaet.

Eg er oppriktig bekymra for at kratt og etter kvart skog vil øydelegge verdifull dyrka mark viss tilstrekkeleg mange nordmenn blir lurte til å tru at importert mat er betre enn norskprodusert. Medan Senterpartiet ønskjer å auke sjølvforsyninga, vil Stordalens EAT-diett dessverre redusere sjølvbergingsgraden vår kraftig i praksis. Eg har derfor tidlegare tatt til orde for at vi heller bør ha krattskam enn kjøttskam dersom vi i det heile skal skjemmast for noko. Viss kosthaldsråda til Stordalen får gjennomslag vil det dessverre føre til nettopp gjengroing av både dyrka mark og beitemark.

Interessant nok har Stordalen endra retorikk. Då EAT-dietten vart lansert i 2019 var det snakk om å eta 14 gram kjøtt dagleg. Saman med dei andre råda ville over 60 prosent av dagens jordbruksareal vore ute av drift, dersom vi hadde høyrt på Stordalen. Ho har truleg innsett at dette blir for krevande å få folk med på. Så no har ho pakka bodskapen inn på ein meir spiseleg måte, og seier i staden at vi må eta «mindre kjøtt».

Det er likevel framleis veldig viktig å vera kritisk til påstandane Stordalen kjem med. Matberedskapen vår er for viktig til at vi skal endre kosthaldet og dermed også landbruket vårt på grunn av udokumenterte påstandar. Dette kosthaldet med kjøtt, fisk, egg og mjølk er basert på dei naturressursane vi har tilgjengeleg her til lands, og har halde liv i nordmenn i generasjonar. Det har dessutan også gjort oss til eitt av dei lengstlevande folka på jorda.

Stordalen anerkjenner no at vi bør ha ein større andel beitande husdyr enn i mange andre land på grunn av ressursgrunnlaget vårt og det positive bidraget til biologisk mangfald. Det er fint at ho også viser til at beitedyr gir auka karbonlagring i jorda, for dette er det etter mi meining mykje å hente på framover. Stordalen vil saman med sine EAT-forskarar studere alt dette nærare. Då er det skremmande at ho allereie no, før forskinga har gitt svaret, konkluderer med at vi treng færre husdyr her i Norge. Ein kan lure på om ideologien styrer meir enn vitenskapen.

Det er ikkje mange månadene sidan Stordalen la ut ein såkalla berekraftig EAT-diett som ville resultert i meir enn ei halvering av sjølvforsyninga i Norge, og som knapt inneheldt norske råvarer. Dette illustrerer kor fråverande matsikkerheit og sjølvforsyning er i tankane til både Stordalen og EAT.

Stordalen tek også heilt feil når ho skriv at det «ikke er mulig å fortsette med dagens kjøttforbruk per person uten at vi trenger flere dyr og at utslippene dermed øker.» Dei siste tiåra har det jo vorte vesentleg færre norske storfe. Samtidig har produksjonen av storfekjøtt og mjølk auka. Meir matproduksjon med mindre utslepp er altså resultatet. Dette er stikk motsett av dei påstandane Stordalen presenterer som sannheiter, men som er grunnleggande feil.

Framover er det eit stort potensial i å utvikle nye, norske fôrtilsettingar og forbetre næringsinnhaldet i graset, noko som kan redusere utsleppa ytterlegare. Det er mykje betre å fokusere på vidareutvikling enn på reduksjon, særleg i ei verd som treng meir mat framover.

Det å endre nordmenns kosthald over til betydeleg meir vegetarisk og vegansk vil bety at vi må auke massivt importen av matvarer frå utlandet. Dette igjen gjer oss ekstremt sårbare når kriser og krigar inntreffer og importen stoppar opp.

For oss i Senterpartiet er det ikkje aktuelt å legge ned mykje av den matproduksjonen som held liv i oss. Vi vil derimot styrke landbruket i heile landet for å sikre oss mat i framtida. Det kan vi gjera samtidig som vi gjer ein nødvendig innsats for berekraft og klima.