Rua og Johnrud vant i landskappleiken

Hege Johnrud og Sigbjørn Rua vant dansen i klasse A.

Hege Johnrud og Sigbjørn Rua vant dansen i klasse A. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Sigbjørn Rua og Hege Johnrud vant dansen i klasse A til øredøvende jubel. Ein tredel av dansepara i klasse A er frå Jondalen og Numedal.

DEL

Lite er meir interessant enn å følgje eliteklassa i dans til Hardingfele. Ei mengd med variasjonar frå ulike landsdelar frå Naustdal i vest til Valdres i aust. Og det vi ser at det vert stadig meir personleg variantar innan same område også.

LES OGSÅ: Høgt nivå på dansen i klasse A 

Frå Numedal, Valdres og Telemark

Ein tredel av dansepara i klasse A er frå Jondalen og Numedal. Ein annan tredel er frå Valdres og resten er fordelt på Vestland og Telemark. I år var ingen frå Hallingdal med i denne klassa.

Spelemennene er sentrale i ei slik tevling og det er gledeleg å sjå og høyre Kenneth de Gala og Bård Vegard Bjørhusdal etter nokre års pause. Kenneth har jo vore kåra til beste dansespelemann på

Landskappleiken fleire gonger

Fyrst ut av «våre» var Nils Øyvind Bergseth og kona hans Marit Måge. Dei dansa springar etter fela tilBård Vegard. Numedalsspringaren var tidlegare kjent for stegvariasjonen sin, Nils Øyvind tek vare på den, det er ein fryd å sjå.

Straks etter kom Asgeir Heimdal og Hege Weseth på scena. Bård Vegar spela Jårån Surtelia for dei, og det må ein kunne si klaffa. Jårån Surtelia er ein av dei beste danseslåttane vi har og Asgeir og Hegehadde rytmen i heile kroppen. Underveis i dansen fekk dei tilrop frå salen og sluttapplausen var stor.

Dette klaffa og publikum såg det. So vart det gangar. Eivind Bakken og Arnhild Brennesvik frå Småjondølene er noko av det mest stilfullle eg veit om. Kenneth de Ga spela taktfast, men muligens ein tanke for fort i starten. Men Arnhild og Eivind mestra det og kunne gå av scenen med ein god følelse. Og Eivind sa etterpå at dette hadde vore moro.

LES OGSÅ: – Dette er eit kupp 

"Inkje sutrar je"

Så kom veteranen Svein Aasen og dottera Kjersti. Dei dansa til springaen «Inkje sutrar je og inkje gretje» ein slått både Kenneth og danseparet kjenner godt. Og om Kjersti hadde tråkka over og gjekk med krykke rett før, kunne ingen merke det under dansen som dei gjennomførte på ein fin måte.Dette var Svein sin 46. start på Landskappleiken og av dei, 44 i A klassa. Imponerande er det.

Rett etter kom Nils Øyvind på scena på ny, denne gongen med systera Liv Bergseth. Dei dansa numedalsgangar. Rytmefølelse har alle som dansar i denne klassa sjølsagt elles ville dei ikkje vore der. Men rytmeforståelse er det ikkje alle som har. Men syskinparet frå Veggli har begge delar. Og det å forstå gangar i 6/8 delstakt og tørre å utfordre den er det få som gjer og greier, men altså Nils Øyvind og Liv tør det. Det spørs berre om dommarane er klar over vanskegraden i dette.

Fjorårets Kongepokalvinnarar

Så fjorårets Kongepokalvinnarar, Ingbjørg Bratheim Bø og Ola Narverud. Dei dansa telegangar til musikk av Ottar Kaasa. Ola er ein scenekunstnar som i tillegg til dansen spelar på det dette egentleg er, eit forhold mellom gut og jente i rituell dans. Kroppsføringa til begge desse dansarane er utsøkt, det er godt å sjå på.

Til slutt kom Hege Johnrud og Sigbjørn Rua på scenen med telespringar til musikk av Ottar Kaasa. Dette paret gir sjelefred, alt er i balanse, rytme kroppsføring og glede. Og det dei gjer likar dommarane så dei kjem alltid høgt på resultatlista.

Fine opplevelsar

Alle våre sju ga publikum fine opplevelsar og gjennomførte på ein fin og verdig måte. Men dei vil få hard konkurranse frå Valdresdansarane som har spektakulære danseformer. Som det kjem fram ovanfor så vert det dansa både springar og gangar. Springaren går i ¾ dels takt, medan gangaren går i 2/4 dels og eller 6/8 del takt. I Valdres vert gangaren kalla Bonde og på Vestlande Rudl. I Hallingdal har dei ikkje denne danseforma, og ingen kan seia kvifor.

Eg har nemnd personlege variantar i dansen som eit trekk som breier seg. I gangaren til dømes ser vi at stadig fleire legg inn elementer frå lausdansen, med kruking og liknande. Og slik skal det gjerne vera, det betyr at dansen ikkje er satt på museum, men lever vidare i ei stadig utvikling.

Send inn tekst og bilder «

Vi vil gjerne høre om smått og stort som skjer i Kongsberg og Numedal. Hjelp oss å være overalt!

Artikkeltags