Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Noko av det mest kontrastfylte me har sett i det siste og som viser dei stadig større forskjellane mellom folk, er dette: Mens mange slit med å få endane til å møtast i den dyrtida me er i, med høge straumprisar, matprisar og buutgifter, har me også sett at stadig fleire milliardærar og kapitaleigarar flytter til skatteparadis. Dei unngår altså å innfri sin del av samfunnskontrakten der me alle betaler skatt for å sikre velferdsstaten til det beste for oss alle.
Om dei hadde blitt i landet, har me diverre eit skattesystem som gjer at kapitaleigarar ofte ender opp med å betale ein langt lågare skatteprosent en det vanlege arbeidarar må betale. Me må endre skattesystemet slik at det blir kravd meir av dei som har store formuar, dei må betale sin del av velferdsstatens utgifter. Kor urettferdig er det ikkje at arbeidarane som kapitaleigarane er heilt avhengig av for å tene sine store formuar, betale ein langt større prosent i skatt?
Me skal ikkje ha meir til dei som har mest slik det har vore under førre regjering. I fellesskap skal me kjempa fram det samfunnet me vil ha, eit samfunn med små forskjellar mellom folk. Der menneske og miljø er i sentrum, ikkje marknader.
Eg vil i særleg grad snakke om dei av oss som har minst i dag, det er dei som slit aller mest i den økonomiske situasjonen me er i. Dei som lever i hushaldningar under fattigdomsgrensa og har vedvarande låginntekt. I Norge var det heile 10,7 prosent av befolkninga som levde under fattigdomsgrensa i 2021. Av desse var det 110 700 barn eller 11,3 prosent av alle barn under 18 år. Dette er ikkje verdig vårt velferdssamfunn, me må sikre gode levekår for alle.
I følgje forsking frå FHI måtte familiar under fattigdomsgrensa i Norge bruke ca. 39 prosent av inntekta si for å ete sunt i fjor, mens dei med høgast inntekt berre måtte bruke ca. 12 prosent. Med så store forskjellar, er det eit folkehelseproblem - dei fattigaste i blant oss har ikkje råd til å bruke det som trengst for å leve sunne liv. Å gi meir til dei som har minst, for eksempel med å auke bustøtta og auke sosialhjelpa, er rett og slett viktig helsearbeid.
Blant dei av oss som er fattige er det mange flyktningar, rusavhengige, minstepensjonistar, einslege forsørgjarar og uføretrygda. Når det gjelder dei einslege forsørgjarane er det flest mødrer. I 2022 var det nesten 138 000 einslege mødrer, mot ca. 36 000 einslege fedrar. Kvinner har historisk sett vore, og er fortsett meir utsett for økonomisk fattigdom enn menn. Mange av dei einslege mødrene kan dessutan tilhøyre fleire av dei nemnte kategoriane. For eksempel ei einsleg mor med flyktningbakgrunn. Blant dei av oss som er marginaliserte, er det mange som er marginaliserte av fleire grunnar og opplever meir forskjellsbehandling og diskriminering på grunn av det.
Mange einslege mødrer i likskap med kvinner generelt, jobber innan helse- og sosialtenestene der det er mange som har ufrivillige deltidsstillingar. Å sikre faste og heile stillingar for alle, i tillegg til lik lønn for likt arbeid, kan dermed vera med å få fleire over fattigdomsgrensa. Dessutan må me jobbe for 6-timars dagen slik at det blir lettare å kombinere forsørgjaransvar med lønnsarbeid. Kvinnekamp er klassekamp, og klassekamp er kvinnekamp!
For å lykkast med denne kampen, treng me sterke fagforeiningar. Me må kjempa i fellesskap mot dei aukande økonomiske forskjellane, me må kjempa for eit samfunn for dei mange, ikkje for dei få. Me vil ha eit rettferdig grønt Kongsberg der alle uavhengig av bakgrunn, kan leve berekraftige og gode liv.
God 1. mai!