Ein ny epidemi i Numedal!

Av
DEL

LeserbrevMens heile verden har kjempa mot ein smittsam korona-epidemi, har me her i Numedal sleppi billig. Men så dukkar det opp ein ny og minst like smittsam epidemi, «Onkel Skrue-syndromet». Epidemien har sitt utspring i Nore, og herjar no nederst i dalen. Særleg utsette er godt vaksne personar tilknytta politisk leiing. Syndromet viser seg når viktige samfunnsoppgaver kjem opp, som å sikre strøm og breiband til alt folket.
Den har desse symptoma:
• Dei angripne drøymer at dei stupar i ein pengebinge.
• Dei trur at makt og posisjon aukar til mindre dei er.
• Dei er skeptiske til naboar.

Når ein kjempar mot epidemiar, er det greitt med litt historie:
Eg var 3 år gamal da me fekk elektrisk lys her i Rollag. «Norelina», som gikk tvers gjennom bygda, hadde da forsynt Asker- og Bærumsfolk med strøm frå Rødberg i 20 år, noko me utruleg nok fann oss i! Dugnaden var stor, alle skogeigarar ga gratis furustolpar til linenettet, og deilvis gratis grunn. Og bygdefolk hjalp til med bygginga av «sine» lågspentliner.

Her i dalen var det 4 kommunar og 4 e-verk som starta omtrent samtidig. Flesberg, Rollag og Uvdal vart etablerte som andelslag, etter samvirkeprinsippet, der kvar abonnent som ønska det kjøpte ein andel og fekk ei stemme på årsmøtet. Nore, med billeg konsesjonskraft frå kraftverket på Rødberg, stifta aksjeselskap, med kommunen som 100% eigar. Seinare har Flesberg e-verk organisert seg om til aksjeselskap. Dei har åpna for ny aksjetegning, men teki vare på samvirkestanken med lik stemmerett, til stor frustrasjon for dei «Onkel Skrue»-smitta.

Eg var heldig og vart valgt inn i styret i Rollag e-verk i to periodar. Der fekk eg vera med på ei eventyrleg utvikling:
• Tidleg på 1980-talet bygde me den fyrste høgspentlina til Veggli fjellstue. Den åpna hyttemarkedet for strømsalg, og vart forlenga vidare som ringforbindelse til Tinn.
• Rundt år 2000 gikk alle fire e-verka her i dalen i storsatsing på fiber. I likhet med strømnettet, er det kvart e-verk som bygger og eig fibernettet i sin kommune. Me etablerte Numedal fiber (NUFI) med lik eigarandel, 25% på kvart e-verk. Det er det same i dag, bortsett frå at Ringerike Kraft nyleg overtok den fjerdeparten som Nore hadde.

I mine 20 år som herredsskogmester/skogbrukssjef i Flesberg, har eg vori hjå dei aller fleste skogeigarane i kommunen. Ein ting forundra meg; Frustrasjonen over stadige strømbrot, særleg i utkantane, medan Flesberg e-verk var «rik» og samla pengar på bok! Da var det godt å koma heim til solid strømnett. Her var det full utskifting av gamle høgspentliner, betongmaster vart skifta ut og gamle kablar erstatta av isolerte liner. Når Lp intervjua tilsette i Flesberg e-verk her om dagen, kom det fram at Rollag hadde eit betre linenett med fleire nye jordkablar enn Flesberg.

Med bakgrunn i alle nyinvesteringane innan fiber og strømnett, og med lik eigarandel i Nufi, synes eg at Rollag e-verk har komi dårleg ut ved fordeling av verdiane i ein eventuell samanslåing med Flesberg. Men når selskap med topp kompetanse på slik verdivurdering, har komi fram til eit resultat, valte eg som dei andre frammøtte på generalforsamlinga vår å støtte forslaget om å slå oss saman med Flesberg e-verk. Som kjent er samarbeid basert på at ein både gir og får!

No er tanken om å slå saman e-verka i dalen langtfrå ny. Det diskuterte me i mi tid i styret, men det stranda gjerne på problem med å slå saman ulike selskapsformer. Samarbeidet mellom Flesberg og Rollag har vori det beste heilt frå starten, med felles innkjøp til dei fyrste investeringane, og med den fyrste strømforsyninga til Flesberg e-verk gjennom høgspentlina som Rollag alt hadde bygd frå Noregrensa. I ein fireårsperiode rundt 1970 var Sigurd Bekjorden felles driftssjef for begge e-verka, og i dag arbeider dei tilsette tett saman både med montering, beredskap og tilsyn og innan økonomi.

Denne gongen har styrene i Flesberg og Rollag gjort ein kjempejobb. Hvis me no slår oss saman og bygger Numedal e-verk, er me klare til å stille opp med lokalkunnskap og dyktige tilsette den dagen Ringerike Kraft har bruka opp restane av eigenkapitalen sin (og andre sin) til utbytte! Det vert og spanande å sjå kva Uvdal e-verk gjer med kravet frå NVE, no som Nore er ute? I alle fall har eg godt håp om at flesbergingane rir av smitta frå denne nye epidemien så den ikkje får spre seg.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags