Flesberg kommune vs Flesberg E-verk

Av
DEL

LeserbrevDet er merkelig at kommunepolitikarar i Flesberg trur at aksjonærane i Flesberg E-verk vil få ei sterk stemme i giganten Ringeriksskraft, som er ti gonger større: "Slå oss saman med Ringerike, men ikkje med Rollag"?


AFRY, selskapet som har vurdert verdiane for styra i Flesberg- og Rollag E-verk, har sett salsverdien på Flesberg E-verk til 122 mill. og Rollag E-verk til 56 mill. Det blir Flesberg 64,4 prosent mot Rollag 35,6 prosent. I fusjonen skal det bli Flesberg 66,6 prosent mot Rollag 33,4 prosent, pluss at Rollag betaler Flesberg 2,5 millionar.

Flesberg kommune stolar ikkje på AFRY, men har brukt millionar på å få vurdering frå Ringerikskraft. Kommunen bør da også sørge for å få ei vurdering frå f.or eksempel Glitre Energi, ettersom det er pengane dei er opptekne av.
Oppmoding frå ein menig til Flesberg kommune: Respektér Generalforsamlinga i Flesberg E-verk! Forstå at styret prioriterer lokalstyring og å halde fram det gode samarbeidet mellom e-verka i to nabokommunar. Elles bør vel kommunen på neste generalforsamling fremme eit mistillitsforslag mot styret i Flesberg E-verk.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags