Generalforsamlinga i FE er luft for "aksjonærgruppa"

Av
DEL

LeserbrevRoger Kjenås overser Generalforsamlinga i Flesberg E-verk. I det sist lesarinnlegget sitt nemner han ikkje den med eitt ord. Kanskje har han ikkje fått med seg at det var 189 som stemte for avtalen med Rollag og 51 mot?
Flesteparten av dei 189 hadde også sikkert lesi sakspapira til Generalforsamlinga. Kanskje hadde ikkje "aksjonærgruppa" og Roger Kjenås gjort det? Dei klagar på dårlig informasjon, men "Avtale om sammenslåing mellom Rollag E-verk AS og Flesberg E-verk AS" var faktisk vedlagt innkallinga til møtet. Der var det god informasjon for dei som gadd å lesa. Og det vart gitt masse god informasjon på møtet. Revidert utgåve av avtalen kjem nok styret med på neste generalforsamling.

Det er ganske spesielt at eit så klart fleirtal på Generalforsamlinga i februar ikkje blir respektert. Den var opptatt av samarbeid mellom nabokommunar og lokal styring. "Aksjonærgruppa", ordførar og rådmann er berre opptatt av verdifastsetjinga av FE, og prøvar å sela oss gull og grønne skogar frå Ringerike. Dei har inga forståing for det rimelige i at Rollag blir godkjent med 33,4 %, mot at dei betaler Flesberg 2,5 millionar.

Lokalt samarbeid er ikkje prioritert frå leiinga i Flesberg kommune eller "aksjonårgruppa", derimot å skvise mest mulig ut av aksjane i Flesberg E-verk. Utrulig mange ressursar er brukt i kontakten med Ringerikskraft med dette formålet. Lokal styring har dei tenkt mindre på.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags