Parkering på Kongsberg stasjon

Av
DEL

LeserbrevEg lurer, etter parkeringsreformen, vil NSB ha oss som ikkje reiser kvar dag som kundar?

Det har blitt stadig vanskelegare å finne parkeringsplass på Kongsberg stasjon, nå umogeleg litt utpå føremiddagen. Lure stader i bustadstrøk har fleire funne, og nå snør dei ned.

Komande veka skal eg ha behandling i Oslo. Og besøke barnebarn forbi Oslo.

Mannen kan ikkje kjøre meg til stasjonen kvar dag, eg kan ikkje gå opp bakkane heim, det har eg ikkje pust til. To bussar opp og ned tilpassa skuleelevar nyttar ikkje.

Heldigvis kunne sjukehuset tilpassa tidene, så eg kan reise med helsebussen frå Svene. Dit kan eg kjøre til og parkera. For å ta drosje til helseekspress i Kongsberg nyttar ikkje, sjåførane finn meg ikkje på ein veG i skogen.

Men kva gjer eg når eg skal besøke barnebarn? Og overnatte?

Det har eg ikkje funne lure svar på endå....

Miljøperspektivet med at mange må kjøre, fordi det ikkje er parkeringsplass, tenker visst ingen på! 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags