Kraftkrangel i Flesberg

Av
DEL

LeserbrevMotstandarane av fusjonen mellom Flesberg E-verk og Rollag E-verk respekterer altså ikkje det klare vedtaket på generalforsamlinga i FE i februar. Det var 79 % som stemte for fusjonen med Rollag. Motstandarane torte ikkje å seia det på møtet at det var pengane som var viktig. Men nå har dei hatt kontakt med Ringerikskraft, som kan tilby gull og grønne skogar.
Det skal visst bli mindre nettleige, fleire arbeidplassar, meir utbygging av fiber, utbytte frå aksjane, større verdi på aksjane og meir innverknad på det som skjer i Flesberg E-verk.
Du verden!, seier eg berre.
Men dei 79 prosenta som stemte for fusjon med Rollag E-verk, meinte altså at vi kan ha meir lokal kontroll om vi samarbeider med nabokommunen i Numedal. Saman med giganten Ringerikskraft har vi null kontroll.
Det var ikkje pengane som var avgjerande for fleirtalet på generalforsamlinga. Dei tilsette i Rollag E-verk og Flesberg E-verk ønskjer å fortsetja samarbeidet. Flesberg og Rollag blir eit solid E-verk.med lokal styring. Fiberutbygginga klarer vi godt utan Ringerikskraft.
Nokon i Flesberg ønskjer utbytte av aksjane sine og å selja dei med betre forteneste. Heldigvis vil ikkje det store fleirtalet la seg lure av smågodt-tilbodet frå Ringerikskraft.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags