– Hva, er det gruver her å?

Av
DEL

LeserbrevKva er det med Kongsberg som ikkje greier å få til Marken? Og kva er det med Røros som greier det?

Eg kjem i hug eit oppslag i Lp for nokre år sidan, ein journalist hadde møtt turistar på veg gjennom byen. Ein av turistane sa: - Hva, er det gruver her å? Det var ukjent for turisten.

Av dette er det lett å slutte at Kongsberg ikkje har evner til historieformidling. Kongsberg har i alle fall ikkje interesse av å formidle historia.

Kongsberg næringsforum ser det ikkje som si plikt å arrangere Marken. Det gjer tilsvarande organisasjon på Røros. Destinasjon Røros samarbeider med fem kommunar rundt Bergstaden, har felles marknadsføring av byen og bygdene og dei samarbeider om å få til kulturarrangementet Rørosmarten.

Kongsbergmarken kunne vore så mykje meir enn karusell og sukkerspinn. Kniv og klukkemarken var ein suksess, men det får ein heller ikkje til ser eg.

Det einaste som lar seg gjennomføre er Markenskappleiken med Fjelltrampen fredagskvelden. Kongsberg spel og dansarlag er no dei einaste som heldt det opphavelege ved Marken ved like. I år skal det vera eit spelstykke på fredagskvelden, «Åttekrossen» med artistar frå Numedal, Sigdal, Hardanger, Ålen og Argentina. Eit verk midt i det oppgavelege ved Marken, ein møteplass der folk møtes og utvekslar kultur. Slik Kongsberg var i fleire hundre år.

Eg tenkjer med gru på 400 års jubileet, kva evnar denne jubileumskomiteen å få til i byen med den sterke historia? Ei historie ein lar gli vekk mellom fingrane. I historieløysa som rir Kongsberg for tida er eg redd det blir berre fyrverkeri.

Jubileet må avspegle symbiosen Kongsberg/Numedal, men kva evnar dei å få til når byen dei siste åra fram mot jubileet kastar Marken i fossen og lar alt drive frå seg?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags