Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Sjeldan har eg blitt meir overraska enn da eg fekk høre at fylkespolitikarar ville forhandle med Østfold og Akershus om ei samanslåing med Buskerud. Hadde det vori Telemark og Vestfold, som vi har hatt samarbeid med på ulike område før, hadde eg ikkje reagert.
Saman med Østfold og Akershus vil Numedal ligge heilt i utkanten. Det har vori langt nok til Drammen, men skal vi verkelig oppleva at bevilgningane til fylkesvegane, Numedal videregående skole og busstilbodet i Numedal skal styrast frå Moss eller Sandvika?
Vi veit at det var Høgre, Frp, Venstre og Krf som stemte for dette. I Fylkestinget kravde Sp avstemming, og da hadde også Ap i Buskerud heldigvis skifta meining. Men kor mykje kan vi lite på dette når vi såg kor ivrige Roger Ryberg og leiinga i Buskerud Ap var for ei samanslåing?
Eg vil seia at dei som synest dette er ei viktig sak, og som vil vera sikre på å stemme på ein kandidat som går mot samanslåing med Østfold og Akershus, bør ha SP fremst i minnet når dei skal levere lista på valdagen.