Skulemodular

Av
DEL

LeserbrevSkulemodular har vore eit hett tema i kommunstyret i Rollag siste perioden. Det har Torun Hoff rett i når ho skriv om skillnader mellom partia i Rollag.

Skulemodulane er frittståande klasserom som kommunen leiger. Modulane skulle i utgangspunktet hjelpe oss over kneika etter at Rollag skule vart lagt ned, for så å fjernast når antalet elevar gjekk ned. Senterpartiet foreslo i budsjettet for 2016 at ein skulle sjå på om ei innsparing her kunne vere med å finansiere naudsynt ombygging for å dekke same behovet i eksisterande skulebygg. Arbeidarpartiet stemte imot.

Ombygging av skule er eit stort prosjekt og tek fort lenger tid enn folkevalde likar å vente. Til budsjettbehandlinga i 2017 var Høgre og Senterpartiet utålmodige og foreslo eit noko spissare vedtak. Der vi sa at modulane skulle fjernast innan skulestart 2019. Framleis saman med at ein måtte kikke på eksisterande bygningsmasse. Arbeidarpartiet stemte for. Einstemmig kommunestyre der altså.

Hausten 2018 var det klart at prosjektet for ombygging av Veggli skule vart meir omfattande. Ein ville ikkje komme i mål innan skulestart 2019 heller. Dette vart akseptert då rådmannen informerte formannskapet. Som Hoff skriv gjorde kommunestyret vedtak om det same i desember 2018, etter forslag frå Arbeidarpartiet.

Vi har altså diskutert modulane fleire gonger denne perioden, men kva meiner eigentleg Arbeidarpartiet? Senterpartiet har stått stødig på at vi ønskjer å bruke pengane våre på eigen bygningsmasse heller enn å leige modular. Vi kjem til å følge opp så vi kjem i mål. Uavhengig av valresultat.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags