"Viken" er ein kunstig konstruksjon

Av
DEL

LeserbrevBuskerud har veldig lite felles med Akershus og Østfold. Fylkestinga i Østfold, Akershus og Buskerud stemte alle mot ei samanslåing. Regjeringspartia bør få merke at dei pressa gjennom eit udemokratisk vedtak.


Buskerud er sterk nok åleine, slik som Møre og Romsdal, men viss vi skulle slå oss saman med andre fylke, er Vestfold og Telemark er dei fylka Buskerud alt har samarbeid med, og heller burde ha slått seg saman med.
*Det gjeld Universitetet i Sørøst-Norge og Folkeuniversitetet Sør-Øst.
*Sørøst Politidistrikt består av Buskerud, Vestfold og Telemark
*Alarmsentral for Vestfold og Buskerud er lokalisert i Tønsberg.
*Telemark og Buskerud Heimeverndistrikt HV-03
*Tollregion Sør-Norge omfattar Buskerud, Vestfold, Telemark og Agder-fylka.
*Bufetat (barne-, ungdoms og familievern) Sør består av Buskerud, Vestfold, Telemark og Agder-fylka.
*Statens Vegvesen Region Sør omfattar Buskerud, Vestfold, Telemark og Agder-fylka.

Nå har vi fått ein rapport som slår fast at beredskapen blir dårlegare fordi det å skape nye grenser skaper problem for innarbeida samarbeid innan mange etatar.
Stem SP for i første omgang å få oppløyst misfosteret «Viken»!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags