Konkurransen om å ville mest

Av
DEL

LeserbrevI kommunestyre i Rollag har vi, om eg tolker Arbeiderpartiet sitt innlegg rett, ein konkurranse om å ville helsehus mest.

Kven som vinn konkurransen overlet eg til andre å avgjere. Eg veljer å fokusere på at eit samla kommunestyrei september, fire dagar før valet, gjekk inn for eit felles standpunkt om kva som måtte vere vegen vidare for å sette oss i stand til å investere i helsehus og skule.

Kommunestyre vedtok då at kommunen skal spare 12-15 millionar i drifta i den neste økonomiplanperioden.3 av desse vart det tatt høgde for i budsjettet for 2020, dei resterande skal organisasjonen, kommunestyre inkludert, arbeide med i tida som kjem.

Å omstille 15 millionar i drifta i ein liten kommune er ambisiøst og vil vere krevjande. Målet er godt forankrapolitisk og administrativt. Senterpartiet har derfor tiltru til at administrasjonen saman med kommunestyret vil gjere sitt ytterste for å nå desse måla.

Å overby dette allereie før vi har starta opp skaper etter vår meining lite tillitt og forutsigbarhet iorganisasjonen. Senterpartiet meiner det ansvarlege ligg i korleis vi som kommunestyre gjennomfører denne prosessen, ikkje i å overby med ytterlegare 5 millionar i reduksjonar.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags