Soloppgangen i vest gir klimahåp

Stortingskandidaten fra Miljøpartiet Dei Grøne applauderer den grøne grasrota i USA for det beste klimaval. På heimebane ser ho på det pågåande klimasøksmålet som del av same rørsle.

Stortingskandidaten fra Miljøpartiet Dei Grøne applauderer den grøne grasrota i USA for det beste klimaval. På heimebane ser ho på det pågåande klimasøksmålet som del av same rørsle. Foto:

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Eg drøymer om ei trygg framtid. Eg har streika for klimaet og draumen om at mine barnebarn skal vekse opp med reint vatn, nok mat og fred - som meg sjølv. Presidentvalet i USA gir draumen nytt håp.

Biden sin siger er ein siger for framtida. Ikkje fordi han blir Amerikas Mor Teresa, men fordi epoka der verdas mektigaste land styrast av ein konspiratorisk klimafornektar er over. USA vender tilbake til Parisavtala. Biden set like høge klimaambisjonar som Europa, og har lova ei svimlande klimaomstilling til to tusen milliardar dollar. Uansett kor mykje han faktisk får til går det endeleg rett veg.

Takka kan me rette til den grøne rørsla i USA, framfor alt dei unge aktivistane i Sunrise Movement. Gjennom velorganisert fysisk og digital aktivisme vart alle demokratiske presidentkandidatar utsett for eit enormt press heilt frå 2018. Krava var grøne jobbar for alle og klimarettferd, og dei lyktas til slutt så det suste. Denne rørsla er del av ein verdsomfattande grøn vind, og eit av mange bevis på at grasrota vil noko nytt. Grasrota har ei vilje til å redde framtida. Denne viljen er det viktigaste i heile klimakampen.

Samstundes lurar eg - vil Noreg?

Politikarane heng på gjerdet, men kunnskapen er klår. Ingen land kan lenger forlenge fossilalderen med nye oljelisensar, om me skal klare 1,5˙-målet. Vesle Noreg er ingen unntak. Me er det beste landet i verda. Det er no på tide å bli det beste landet for verda, ved hjelp av oljefondet, grøne krav, internasjonalt samarbeid og ein ny, grøn økonomi.

Vårt historiske ansvar for å ha tent oss rike på olje svarar til 65 milliardar i årleg klimabistand til låginntektsland - eit av krava til norske klimastreikarar. 50 av desse skal gå til klimaomstilling og 15 til tilpassing til klimaendringane me alt har skapt. Det er mykje pengar, men ei omfordeling på tvers av grenser og generasjonar som er heilt rettferdig.

Vidare må me bli ein katapult inn i verdas grøne skifte. Verdsleiande kompetanseklynger, ein muskelsterk stat og ei rekkje naturgitte fordelar gir oss eit godt utgangspunkt. Digital utvikling, reiseliv og tenestenæringar har langt frå nådd sine potensial i mangfald og utbreiing. Havenergi og havmat kan innoverast og utviklast, samstundes som me er meir skånsame med naturen. Og hamnene ventar på å bli hamner for nye, marine fartøy, som kan sendast til andre sida av verda utan så mykje som ein CO2-fis.

Det viktigaste er likevel dette: Noreg må slutte å dytte meir fossil energi på ei verd som allereie har funne for mykje. Staten kan om den vil. Og om den ikkje vil, kan det likevel hende at den må.

Nett no går klimasøksmålet føre seg - ei historisk rettssak om unges rett til eit levande miljø. Natur og Ungdom og Greenpeace med fleire har lagt forskinga på bordet, og ber Høgsterett dømme oljeleitinga i Barentshavet som grunnlovsstridig. Det vitnar om ei sterk, grøn grasrot, også i Noreg - vår eigen soloppgang? I seg sjølv gir det håp. Og om dei vinn 12. november kan kloden for andre gong på kort tid feire med runddans.

Det er ikkje tida for å vera pessimist. Me veit kva me må gjere, og me må samle viljestyrke og mot til å gjere det, i ei kaotisk og stundom uroleg verd. På vegen må unne oss sjølv å bli glade for alle små og store framsteg - på vegen mot ei tryggare framtid for våre barnebarn.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken

Kommentarfeltet er stengt. Det åpner igjen klokken 06:00.