Tiltak mot virus

Det blir gjerne nemnt i ein bisetning at håndvask er viktig, men for at folk skal endre adferd må det meir til, skriver innsenderen.

Det blir gjerne nemnt i ein bisetning at håndvask er viktig, men for at folk skal endre adferd må det meir til, skriver innsenderen. Foto:

Av
DEL

LeserbrevHåndvask. Det undrar meg at verken dei organ som skal gi oss råd, eller media bryr seg særleg om å bidra litt til folkeopplysning når det gjeld tiltak mot spreiing av virus. Det blir gjerne nemnt i ein bisetning at håndvask er viktig, men for at folk skal endre adferd må det meir til.

Det virkar som om frykten for å skremme, akkurat på dette feltet, er til hinder for å gi praktiske råd rundt farene ved det nye koronaviruset. Slike råd kan gjere ein stor forskjell den dagen Covid-19 er spreidd, og alle kan få det på seg, berre dei tar ein tur ut. For når det er snakk om gode vanar, så kan ein ikkje innføre det til helga, eller komande tysdag. Dei gode vanane er noko vi må tileigne oss før det er for seint, og no er det dessverre ting som tyder på at vi kan ha dårleg tid.

Den dagen vi får høyre at viruset har kome til vårt nærmiljø, har det sannsynlegvis vore der i fleire dagar. Derfor bør vi snarast råd tileigne oss gode vanar, som å alltid vaske hendene når vi kjem inn. Det virkar som dei ansvarlege utelukkande har fokus på enkelttilfelle, og det kan vere bra for å bremse spreiing i starten. Men ein treng ikkje vere fagperson på epidemiologi for å forstå at det også her til lands snart kan vere uråd å fotfølgje alle som kanskje kan ha vore i kontakt med nokon som kanskje kan vere bærarar.

Derfor må vi no også få fokus på kva vi alle må gjere for å redusere risikoen for å bli smitta og spreie virus, og dette må kompetente fagpersonar fortelje oss. Sjølv kom eg over den engelske legen John Campbell, som i ein 11 min. Youtube-video på ein god og pedagogisk måte forklarer korleis slike virus spreier seg, og ei rad med enkle tiltak vi alle kan gjere for å hindre at vi sjølve, eller dei rundt oss blir smitta.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags