Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Eit skjult kamera godkjent av Lilly og dottera, viser at ho ikkje får i seg nok mat og dei medisinane ho treng. Ho har demens og får for dårleg oppfølging av heimetenesta. Frå før av er ho allereie underernært. I dokumentaren kjem det fram at det er større sjanse for å bli underernært om ein bur i ein kommune som har mange pasientar per tilsett eller lite tid per pasient.
Samtidig som det blir stadig fleire eldre, manglar me i følgje NAV om lag 5.900 sjukepleiarar og 2.600 helsefagarbeidarar. Utfordringane med eldrebølga skal blant anna løysast ved å ta i bruk meir velferdsteknologi slik at folk kan bu heime lenger. Dette kjem fram i regjeringa Solbergs Leve hele livet-reform som blei innført i 2019, og som i stor grad har blitt vidareført av dagens regjering.
Lilly har også velferdsteknologi i heimen sin. Ho har ein maskin kor medisinen kjem ut tre gonger i døgnet, men ho er ikkje frisk nok til å forstå korleis den skal brukast.
Velferdsteknologi i omsorgsfeltet kan fungere godt, men då må det vera eit tillegg og ikkje ein erstatning for menneskemøta. Den må dessutan brukast på ein gjennomtenkt og ansvarleg måte og i samarbeid med brukarane. Det vesentlege er om den spesifikke teknologien som skal nyttast kan bidra til at den enkelte får eit betre og meir verdig liv, eller om det som i Lillys tilfelle, fører til det motsette.
Eit døme på korleis velferdsteknologi kan fungere som eit tillegg til dei varme hendene og den nærleiken me alle er avhengig av, er å ta i bruk alarmar som registrerer når ein eldre pasient fell. Slik kan helsepersonell komme så fort som mogleg til pasienten. Denne teknologien kan diverre også utnyttast ved at den blir brukt som grunngjeving for å la eldre bli buande heime for lenge, fordi sensorane registeret når ulykker skjer. Er ein for utrygg eller sjuk til å bu heime, må ein få sjukeheimsplass, uavhengig av velferdsteknologien. Dette er ein høgst relevant problemstilling i Kongsberg som skal bygge ny sjukeheim om nokre år. Me må sørge for at denne sjukeheimen har nok sjukeheimsplasser for framtida.
Diverre skjer det motsette i mange kommunar, det er lagt ned nesten 2.500 sjukeheimplassar på landsbasis dei siste åtte åra sjølv om me får fleire eldre.
Det er heller ikkje sikkert at det er meir økonomisk å ta i bruk velferdsteknologi som eit alternativ til å auke bemanninga, men det er ofte dette aspektet som blir framheva. Derimot blir velferdsløysningane ofte levert og drifta av private IT-bedrifter som tar seg godt betalt.
I Leve hele livet-reforma går det også fram at eldre menneske må planlegge for eigen alderdom gjennom å leggje til rette eigen bustad og å investere i venner og sosiale nettverk. Dette er ein endring av velferdsstaten der ein legg meir og meir ansvar over på enkeltindividet og pårørande, i staden for å sjå på dette som ei offentleg oppgåve. Det er ei skremmande utvikling som kan føre til stadig større forskjellar mellom dei som har mykje – og kan planleggje for ein verdig alderdom – og dei som har lite og manglar slike moglegheiter. I SV kjempar me imot denne utviklinga, alle skal ha ein verdig alderdom uavhengig av lommeboka.
Me meiner også at det er på tide med ein bemanningsnorm i eldreomsorga, slik me allereie har i skulen og barnehagen. Ein bemanningsnorm vil gjera arbeidskvardagen betre for sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og andre i omsorgssektoren, og vil truleg føre til at fleire fortset i jobben og at fleire kjem attende til yrket. Ei undersøking frå SSB viser at ti år etter fullført utdanning, jobbar 1 av 5 sjukepleiarar utanfor helsetenestene. Det er altså eit stort potensiale i å få tilbake dei som allereie har kompetansen på plass. Ei økt grunnbemanning vil også føre til mindre sjukefråvær. Høgt sjukefråvær er eit stort problem i helse- og omsorgsfeltet i Kongsberg, og leige av vikarar er svært dyrt. Det vil truleg vera billigare for kommunen å sørge for ei høgare grunnbemanning som får ned sjukefråværet.