Gå til sidens hovedinnhold

Noreg må bli ein klimaspydspiss, no!

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Dette valet er eit klimaval. Det står mellom meir av den øydeleggjande olje- og klimapolitikken, eller eit stort MDG på Stortinget. Om MDG krysser sperregrensa i år, vil det vere det historisk viktigaste som har skjedd for klimaet i norsk politik.

Klimakrisa er i gong. I starten av denne valkampen varsla FNs klimapanel kode raud for menneskeheita. Hetebølgene, brannane og flaumane me har sett i sommar vil kome oftare og meir intenst i framtida, og er forårsaka av menneskeskapte utslepp. Om me skal leve eit godt liv i framtida må me ta grep i dag og kutte utsleppa, på vegne av våre born, borneborn og dei fattigaste i verda.

Dei etablerte partia har svikta borna og verdas fattige i klimakampen til no. Sidan den fyrste rapporten til FNs klimapanel kom i 1990 har Noreg dobla sin produksjon av olje og gass, og seksdobla sine investeringar i nettopp olje og gass. For folk flest er det framleis mykje lettare å ta dei vala som er klimaskadelege, enn å ta dei vala som er bra for miljøet. Me har berre kutta 3,9 prosent av klimagassutsleppa, mens nabolanda våre har kutta 30-40 prosent.

Alle land må slutte å leite etter meir fossil energi, og skjerpe klimapolitikken. Dette var den instendige og knalltydelege beskjeden frå FNs generalsekretær Antonio Guterres, etter at klimapanelet kom med sin rapport i august.

Likevel endrer ingen av oljeleitepartia i Noreg sine standpunkt. MDG er framleis det einaste partiet som seier klart og tydeleg at det er uaktuelt å støtte ei regjering som heldt fram med å leite etter meir olje og gass. Dei store partia går derimot til val på å leite etter meir olje, men klimakrisa kan ikkje vente på at Ap og Sp tek til fornuft. Klimakrisa kan i alle fall ikkje vente på Erna Solberg, som framleis syns det er ein god idé å bore etter olje i Lofoten, Vesterålen og Senja.

MDG vil at Noreg skal bli eit klimaførebilete for resten av verda. Me vil kutte utsleppa med 80 prosent innan 2030, og me har ein plan for å gjere det. Kjem me over sperregrensa kan me få det til. Då vil me få 8-10 gonger så monge representantar på Stortinget - eg er kanskje éin av dei, og me vil alltid setje klima og miljø fyrst.

Valet i 2021 blir historisk. Noreg blir enten landet som lytta på forskaranes varsko, eller landet som såg vekk. Di stemme kan vere avgjerande for om me får eit historisk grønt retningsskifte. Ver modig, stem MDG.

Kommentarer til denne saken