Emy Sakai fortel ho kom i kontakt med norske folkemusikarar ved universitet der ho jobbar.
- Eg lika musikken og lova meg sjøl at eg skulle ta ein tur til Noreg for å oppleva musikken dykkar på nært hold.
Vi spør om å få sjå felene, ei hardingfele som ho enda ikkje har fått prøvd og så er det ein fin fiolin. Men det er ikkje den finaste ho har, den ligg att heime i Tokio.
Ho skal delta på kappleiken i lagspel med Vågå spelemannslag og ho gledar seg svært.
-Det er så fint her i Norge, seier ho og påpeikar at bylivet i Tokio er noko totalt forskjellig frå det ho opplever her i Valdres.
Landskappleiken er eit spesielt fenomen fortel ho og har aldri førestilt seg at musikk kan utvelsklast og opplevast på denne måten.
Vi utvekslar CD-plater og tek farvel. Vi fekk ikkje spela saman og eg sit att og tenkjer på numedalsvenen Guillermo Rizzotto som nyss har vore på ei lang konsertreise i Japan. Han ville likt å møte henne. Slike møte på tvers av landegrenser og kulturar, men gjennom musikk er nett det Rizzotto likar aller mest.