Nynorsk skrivetevling for Numedal

Av

51 elevar i Numedal kjempa om å vera best i nynorsk. Fyrsteplassen gjekk til Embla ved skulen i Veggli.

DEL

Innsendt I november vart det helde nynorsk skrivetevling for alle tiandeklassene i Numedal. Ihuga lærarar på Rødberg, i Veggli og på Lampeland tok skriveoppgåvene inn som ein del av norskundervisninga. Sjølv om det var friviljugt å delta på sjølve konkurransa kom det inn 51 elevtekstar til Mållaget innan fristen. Tre flinke jenter stakk av med premiane.

Fyrsteprisen på 1.000 kroner gjekk til Embla Johansen ved Veggli skole (lærar Tore Tisthamar). Teksten var svar på oppgåva ’Eg gløymer det aldri’ og juryen skrytte av fin flyt og gode setningar, god nynorsk og lite feil.

Andreprisen på 750 kroner gjekk til Maria Thormodsgard Dokken ved Flesberg skole (lærar Eli Bjerkeset Øia) for oppgåva ’Eg gløymer det aldri’.

Tredjeprisen på 500 kroner gjekk til Åsne Hjertaas Sporan ved Rødberg skole (lærar Pia Merethe Vinje).

Teksten hadde overskrifta ’Pandemien for ungdomen’.

Numedal mållag gratulerer!

Målet med skrivetevlinga var å medverke til god nynorskopplæring, og til å gje elevane eit godt inntrykk av dette språket. Dialekten i Numedal reknast som nynorsknær og historisk var nynorske skulekrinsar representerte i alle numedalskommunane.

Som ein del av arrangementet reiste mållagsmedlemer ut til skulane for å fortelje engasjerande om språk og dialekt. Det heile var eit samarbeid mellom Buskerud mållag og Numedal mållag. Initiativet til konkurransa kom frå samtaleringen i Numedal mållag. Målfolket i dalen vonar skrivetevlinga kan verta ein årleg tradisjon.

Send inn tekst og bilder «

Send oss en artikkel fra et arrangement du ønsker å dele i Laagendalsposten.

Artikkeltags