Ser det er ein del diskusjon om bruken av U for Uvdal som marknadsføring av nettopp Uvdal. Det er uproblematisk synes eg. Vi andre utanom Uvdal bør ikkje synas det er vanskeleg. Skianlegget ligg da i Uvdal. Men det er likevel eit problem knytt til U-en. Det vert sagt at alle kjenner Geilo, men ingen kjenner Hol. Likedan med Beitostølen, der ingen kjenner Øystre Slidre. Denne samanlikninga med Uvdal er artig, men held ikkje. Fordi alle kjenner Hallingdal og alle kjenner Valdres, men ingen kjenner Numedal!

Gå på internett, søk opp dalføra aust for oss. Du vil finne flotte nettsider for kvart av dei, som marknadsfører heile dalføret. Det har ikkje vi, det er ein forskjell som er øydeleggjande.

Det interkommunale «Numedalsutvikling» var eit godt tiltak som vart nedvørt av politikarar og andre. Vi må få tilbake noko slikt og så hegne om det.

For mange år sidan var det eit møte på Trollstugo i Uvdal der reiseliv var tema. Ein hadde invitert ein kar frå Hardanger til å fortelja om suksessen reiselivet i Hardanger opplevde på den tida. I spørsmålsrunden vart det nemnt vegsatsinga i Hardanger. Fin veg måtte da bety noko? Hardingen var klinkende klar; Nei, til smalare vegen var til meir eksotisk var det for turisten! Og så sa han noko slikt som at suksessen låg i at alle kommunane og turiststadene rundt Hardangerfjorden byrja tenkje felleskap. Dei stilte opp for kvarandre. Eit hotell kunne stå å reklamere for konkurrenten! Så samarbeid var altså løysinga og grunnlaget for suksessen. Det var budskapet til hardingen.

Da er det altså ikkje nok med ein U, ein må finne fleire bokstavar, eks. nUme