Og jau, du store for ei bok! I alt 22 kapitler med svært variert innhald. Dette er ikkje ei bok om kyrkjehuset i Lyngdal åleine, det er også ei bok om Lyngdalsamfunnet og dei som har levd her.

Tidsspennet er vidt, frå førkristen tid til i dag. Frå offersteinen ved Søre Låg til bispevisitasen no i mai, 2022.

Her er gamle sagn, motiv hogne i stein, overtru og mangt anna. Middelalderhistorie i form av bilder av hjulkors og mykje meir. Rikt framstilt gjev det eit fint historisk bakteppe til sjølve historia om kyrkjehuset. Og ei bok om ei kyrkje kunne lett ha vorte det – ei bok berre om huset. Men her er så mykje meir. Likevel, i kapittel IV kan ein lesa om huset si historie, inventar, dekor mm.

Biskop Jens Nilssøn skriv om ei eldre kyrkje i 1590, Kampestad kapell. Men at det ikkje er i bruk. Fyrst i 1680-åra byrja ein å bygge den kyrkja som står der no. Interessant er det å lesa at noko av dette stavbygget Kampestad kapell vart bruka til kor i den nye. Sikkert er det vel at klukka frå 1522 kom frå Kampestadkapellet. Dermed ser ein at også kyrkja som står der i dag har lengre historiske liner enn som så.

Dekoren inne i kyrkja er like vakker som spesiell. Ålingen Truge Gunhildsgard har i 1740-åra måla alle veggene i tidleg barokkstil. Altertavla er frå Kongsberg kyrkje, den dei reiv ned da den store vi kjenner i dag vart vigd. Gulbrand Livland og Ole Berget var på auksjonen på Kongsberg i 1765 og kjøpte altertavla. Eit motiv i altertavla er Nattverden måla av Adam van Breen i 1633.

Her er som ein ser stor kunst i mange detaljar og det er mange rike utformingar, ikkje minst av Niels Hansen Bragernes som var i Lyngdal i fem år og dekorerte nykyrkja. Så lyngdølane kosta på seg ei fin kyrkje, som må ha kosta. Og pengar fanst. «I Numedal finnes ingen fattigdom» sa fogden David Gorrisøn Climb i 1690.

Men så til andre sider ved boka som gjer ho interessant. Forfattarane har funne fram historier knytt til kyrkjeleg handlingar. Her er historier om folk som gifta seg og skilte seg, og om dei som ville gifte seg og dei som ikkje ville. Her er dei heldige i Flesberg, dei har Tov Flatin og Sigurd Vinger å stø seg på kva gjeld historiske fakta. Desse to er da også vist til i boka fleire stader.

Her er historier om korleis dei ulike kjørkjetenarane ringde og korleis dei ble kjente for ringinga si. Og ingen ringde so fint som Oskar Lislien, sa dei! Men så heiter da også boka «Lyngdalskjørkja og bygdefolket.» Her er teke med kvinnelagnader og historier om småkårsfolk.

Noko som gjev boka styrke er sju sider med ordforklaringar både av kjørkjelege uttrykk og dialektuttrykk, som eks «konventikkelplakaten» og «slangelinnels.» Redaktør og forfattar for boka er Haakon Livland. Han seier sjøl at han har samla historier om lyngdalssamfunnet alt frå 14-års alder. Med seg i bok-komiteen har han hatt solid mannskap i Ole Helge Laag og Jan Fekjan. Fotoarkivet til Flesberg historielag har vore til nytte. Der er ei mengd historiske bilder å hente. Nyare bilder som det på omslaget er tatt av Gro Sidsel Tveiten.

I 2017 testamenterte Anders Teigen ein million kroner til Menighetsrådet i Lyngdal. Det vart bestemt at pengane skulle brukast på ei bok om kjørkja. Og slik vart det og boka bør lesast! Ho er å få kjøpt fleire stader som eks. Isaksen Libris, Kongsberg, Friluftsbua på Lampeland, Kjørkjekontoret i Flesberg og sjølsagt på Lyngdal landhandel.