E elska skriveboka mi, med rød perm. Det låg stabler me dessa i det store rosa skapet, i det enda større rosa klasserommet. E elska å få utlevert ei ny, uåpna - sidene satt nesten klistra sammen, og e kjente lukta av urørt papir. E kunne skrive ned nye ord, med den ikkje alt for gvasse blyanten min.

E husker spesielt godt ein høst e sku skrive «Kva e hadde gjort i sumarferien». Ja, «kva», «sumarferie» - ord som nesten er blitt borte? Nynorsk hadde me. Frivillig nynorsk, me gikk på Rollag barneskule, det var nynorsk som gjaldt. Ingenting me kunne velge. Trur jammen det har blitt folk av kan å.

E kan ikkje huske ordrett ka e skreiv om, fra denna sumarferien, men e husker at det var ei linje, maks 5-7 ord, med grå sløv blyant. Det som stod, er heller ikkje så viktig- for det som brant seg fast var læreren sin kommentar med rød penn, litt runde bokstaver; «Kjempeflott forteljing!! Fortsett slik Viel».

E har ledd mange gonger av denne kommentaren, ei halv linje-forteljing - fekk rosende omtale i rødt, men så mykje det har betydd. Det var godt nok. Det var til og med flott.

Kor mykje skryt får man egentlig i hverdagen? Litt for lite?

E tenker på den rosende omtalen i rødt, når ho me heime kaller “snart5” skal skrive. Ho veit stort sett åssen bokstavan ser ut, er det nokon ho ikkje heilt husker kjem e med mine forklaringer. Seinast i dag, når ho sku skrive ned lillebrors ønskeliste til julenissen; Paw Patrol. E hører meg sjøl si midt i matpakkesmøringa; «P er ein strek med mage». Ho gjentar mens ho skriv; «P er en strek med mage, men mamma - Hvor skal magen sitte?».

«A, den er lett, den er Ask sin», «så kan du skrive bestemor sin W» - og sånn skriv me kan gjennom Paw Patrol, leverpostei, suragurk og mellomleggspapir. Og det skrytes, som om ho nylig blei verdensmester, for P´n den har ho ikkje gjort så mykje av før, og den blei rektig så fin. Ho bli kanskje overlessa med skryt? Lurer nesten på om e er så redd for at skrivegleden skal dø heilt ut og sjøltilliten bli fullstendig knekt om nokon år, så e overstrømmer ho med ein heil masse ros, high fives og hurrarop. Akkurat som om at hvis det ein dag sku butte, så har me ihvertfall feira den eine nye bokstaven på papiret. Butte, det gjør det stadig vekk når ein snart er 5 år, alt fra at gulostskiva er for kort til ekstreme «blopper» på sokken (når sokken ikkje ligg heilt strøkent inntil foten).

E tenker på den rosende omtala i rødt når minstemann på 2 år, tar tak i doozeren sin, og legg puslespillbrikke «A» i skuffa og si, «A, min bokstav…» kjører stolt videre…e står igjen, stolt, overraska, får ikkje fram et ord… han stopper opp kikker etter meg… «MAMMA.. det er MIN bokstav.. A». E tenker på den røde skrifta i norskboka mi… sett meg ned, stryk han over håret «JAA, det er DIN bokstav, SÅÅ flink du er Ask». Me danser litt og lager hurrarop.

Dei røde bokstavan betydde mykje for meg, e håper orda mine betyr noko for våre små.