Diktaren Alf Haugland er død

Diktaren: Alf Haugland med Buskerud Mållag sin pris han mottok for god språkbruk
Foto: Helge Jensen

Diktaren: Alf Haugland med Buskerud Mållag sin pris han mottok for god språkbruk Foto: Helge Jensen

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

Alf Haugland frå Lunde i Telemark er død 88 år gamal. Han gav ut ei rekkje diktsamlingar, fleire av dei medan han budde i Veggli.

DEL

Alf Haugland kom til Rollag midt på 60-talet som stasjonmeister.
Han og kona Gerd hadde da to søner Ove og Jan.
Seinare vart han stasjonsmeister i Veggli og budde der til dei flutte som pensjonistar til Lunde i Telemark.
Alf Haugland vann eit stort publikum med sine små underfundige dikt og ikkje minst med sine formfulle og presise limrickar. Han vart med rette kalla limrickens meister.
Sidan debuten i 1981 med diktsamlinga «Det er vi som er skyld i inflasjonen» har han kome med ni diktsamlingar før ei samling med dikt og limricks i 2007.
I 1988 kom limericksamlinga “Ei seljefull sylvsmed frå Helle”.
Haugland kom ofte tilbake til oppveksåra og vilkåra da faren var leilending under Cappelen i Ulefoss. Det prega diktinga hans og det prega han politisk.
Alf Haugland skreiv ofte under pseudonymet, Kal Korsvann.
Vi har mista ein god penn, ein god ven, men saknet vil sjølvsagt vera størst for Gerd som har følgd sin Alf heile livet.

Alf har skrivi eit av dei beste naturverndikta eg veit om, og det går slik:

«Det veks bjørk i skinnegangen på Numedalsbanen no/langs Riksveg 40 dauar ho.»

Artikkeltags