Gå til sidens hovedinnhold

Skjerm eller bok, er framtidas skule digital?

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Nedstengde skular, raudt og gult nivå, har gitt elevar både i grunnskulen og i vidaregåande massiv erfaring med digitale læremiddel. Tid framfor skjerm, for å læra, har blitt ein betydeleg del av elevkvardagen.

For den vidaregåande skulen finns det ein fylkeskommunal nettstad: NDLA (nasjonal digital læringsarena). Den er gratis i bruk, det krevst inga innlogging. Fylkeskommunane (minus Oslo) eig prosjektet. Viken fylkeskommune brukar i år 32 millionar kr på NDLA. Er det verd det?

Dagens lærebøker er langt frå berre bok. Det føljer også med digitale ressursar. NDLA forsøker å gi eit fullverdig digitalt tilbod. Utan bok. Det er eit stykke fram dit. Men er det den einaste løysinga?

Så langt seier Viken; ja takk begge delar. Både bøker og skjerm i våre vidaregåande skular. Det ser ut som bøker er best når ein skal lesa lengre tekstar. Bøker fremjar djupdelæring. Digitale læremiddel er kjapt å oppdatera, og gir mogelegheiter for individuelt tilpassa opplæring. Eit godt digitalt læremiddel vil forstå kor ditt behov ligg, og gi tilpassa oppgåver og fagleg nivå deretter.

Opplæring i laboratorier, i verkstadar og praksisrom kan aldri bli heildigitale. Men også det praktiske kan visast digitalt. Så heller ikkje profesjons- og yrkesopplæring slepp unna. NDLA har eit breitt spekter av yrkeskunnskap. Ta ein titt! Her kan du læra mykje om godt handverk! Men blir det brukt i skulen? Treff det elevane våre? Er det verd ressursar og pengar vi brukar?

SV vil at kunnskap skal vera tilgjengeleg for alle, uavhengig av økonomi. NDLA fyller slike kriterium, men reiser samtidig andre spørsmål. NDLA er ein sterk konkurrent til forlagsbransjen. Vi ser at forlaga vrir satsinga over på digitale læremiddel for grunnskulen som ikkje har tilsvarande «gratis-tilbod». Får vi ei einsretting i den vidaregåande skulen?

Norske lærebokforfattarar skuggar i stor grad unna NDLA. Der må dei selja «alt», heile åndsverket sitt. Profitten må tas ut der og då, uavhengig av popularitet. I forlagsbransjen blir profitt betalt som royalties, altså ut frå årleg sal. I tillegg er opphavsrettslege tilhøve avtalefesta.

SV har lukkast med å få NDLA-saka på kartet i Viken fylkesting. Brukarane, elevar og lærarar, skal høyrast. Kvaliteten skal undersøkast, samfunnsmessige verknader skal kartleggjast, og aktiv styring skal på plass. Vi ser fram til konstruktive og gode debattar. Elevane våre skal ha eit best mogeleg tilbod av læremiddel, - både digitalt og i form av lærebøker og praktisk utstyr.

Ruth Solveig Birkeland, utdanningskomiteen, SV

Camilla Sørensen Eidsvold, gruppeleiar SV

Kathy Lie, fylkesvaraordførar, SV

Balder Alvær Olafsen, finanskomiteen, SV

Kommentarer til denne saken