Gå til sidens hovedinnhold

Styret i Flesberg E-verk er lite å stole på

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det stundar til ny generalforsamling i Flesberg E-verk etter eit mislykka forsøk 31. mai. Det er ikkje mykje lærdom å spore etter første forsøk. Dagsorden er framleis ganske håplaus. Avgjerda om kva for alternativ Flesberg E-verk skal gå for, vil ikkje styret overlate til generalforsamlinga. Styret set framleis opp avstemming om avtalen med Midtkraft før avstemming over kva for fusjonsalternativ Flesberg E-verk skal bestemme seg for.

Styret legg ikkje fram Rollag E-verk som alternativ, og har dermed broti rettsforliket med Bjørg Helgerud. I eit skriv dei har sendt ut med «svar på ofte stilte spørsmål», presterer dei berre å skrive at generalforsamlinga i Flesberg E-verk ikkje har plikt til å følgje forliket med Bjørg Helgerud. Nei, sjølsagt! Forliket var mellom henne og STYRET. Styret har forplikta seg til å føre opp Rollag E-verk som alternativ fusjonspartnar. Er moralen frå styret at avtalar kan brytast?

Ikkje eingong når det gjeld økonomien, klarer styret å overtyde om at samanslåing med Midtkraft er ein fordel samanlikna med Rollag-alternativet. Og i innkallinga til GF skriv dei at dei ikkje vil svare på spørsmål om kor mykje prosessen med å finne fusjonspartnarar har kosta, men vil ha ei «intern utredning». Årsresultatet for 2020 ventar vi jo også på. Revisjonen er vanligvis ferdig på denne tida.

Styret klarer heller ikkje å bestemme seg om dei driv med fusjon eller salg av Flesberg E-verk. Dei brukar ordet «fusjon», men vil ikkje følgje avstemmingsreglane for fusjon. Elles framstiller styret saka som om 20-25 % av Midtkraft gir betre styring for Flesberg enn 66,6 % saman med Rollag. Det er ein litt merkelig logikk. Det vi i «Aksjonsgruppa mot billigsalg av Flesberg E-verk» vil ha, er eit lokalt elektrisitetsverk som blir styrt frå Lampeland!

Kommentarer til denne saken