Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Det pågår no ein prosess med å få på plass ein bestandsplan for villreinen på Hardangervidda som skal gjelde frå og med i år. Den skal gje føringar for kva ein skal sikte mot av bestandsmål framover og den gjev dermed direkte føringar for kvotefastsetjingane dei komande åra.
Me skulle ynskt at denne bestandsplanen kunne lagast uten å måtte ta omsyn til skrantesjuka (cwd). I så fall kunne me hatt fullt fokus på oppbygging av både bestanden, bukkeandelen, og kondisjonen til dyra. Den mogelegheita har me dessverre ikkje! Me må difor gå balanseøvelsen der me tek vare på bestanden så godt som me kan, samtidig som me må ta ansvaret som ligg på lokal forvaltning med handtering av skrantesjukesituasjonen. Utval og nemnd og dei aller fleste rettigheitshavarane synes å vera samstemde om at årleg kalvetilvekst på 1.500 kalv skal vera eit hovudmål. Det er større usemje om målet for bukkebestanden.
Det er mange, me i villreinnemnda inkludert, som reiser ei lang rekkje spørsmål om cwd: Er det sikkert at cwd-smitten som er funne på Vidda vil ha så katastrofale konsevensar som nokon hevdar?
Er dette noko me har hatt på Vidda i lang tid? Finnes det tilsvarande smitte i andre villreinbestandar? Er det sikkert at uttak av bukk er så viktig som det vert hevda? Alle ynskjer betre svar på desse spørsmåla. Og Villreinnemnda er pådrivar for å få fram fleire svar. Men pr i dag har me ikkje det, og inntil ny kunnskap føreligg legg Villreinnemnda til grunn det som er konklusjonane til Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM).
Den neste balansegangen er å finne dei rette tiltaka for å handtere cwd. Me lærde under covid19-tida at det må vera samsvar mellom tiltaka og det ein kan oppnå med tiltaka. Nemnd og utval har vore samstemte om dei aller fleste tiltaka som er iverksette for å handtere cwd-situasjonen, heilt fram til saka om vinteruttak kom opp i 2022. Då meinte nemnda at dette var eit tiltak som ikkje stod i forhold til sannsynleg «gevinst». Men å stoppe ekstraordinært uttak på bukk utenom jakt betyr ikkje at fokus på uttak av bukk er borte. Tvert imot er det å ta ut mest mogeleg (eldre) bukk fortsatt den klaraste tilrådinga, og det einaste talfesta målet, frå VKM, for å bekjempe cwd.
Det var med minst mogeleg margin at regjeringa konkluderte med at det ikkje skulle iverksetjast vinteruttak denne vinteren, til tross for tilråding om dette frå både Miljødirektoratet og Mattilsynet. I pressemeldinga frå Regjeringa den 8. desember er det imidlertid veldig klare føringar og forventningar til lokal fovaltning, jegarar og rettigheitshavarar. Det står mellom anna:
- «Det er enighet om at uttak av bukker er sentralt for å få best mulig kontroll over sykdommen på Hardangervidda».
- «Målet er fortsatt å begrense og om mulig utrydde klassisk skrantesyke».
- «For å nå dette målet er det sentralt å beholde ordinær jakt som den viktigste uttaksformen».
- «Vi vil sammen med lokal forvaltning vurdere andre tiltak som reduserer andelen bukk og risikoen for smittespredning…».
Villreinnemnda meiner at med støtta frå regjeringa om å ikkje gjennomføre bukkeuttak i vinter så fylgde det dermed eit stort ansvar og klare forventningar til oss lokalt:
1. Det må vera full oppslutning om uttak av bukk under ordinær jakt, og med fokus på å ta ut så mykje av den gamle bukken som mogeleg.
2. Det må vera full oppslutning om prøvetaking, og alle prøvane må òg innehalde lymfeknutarv. Strukturteljnga etter jakta i 2020 viste at andelen bukk 3 ½ år og eldre var på 6-7%, men i tillegg var vurderinga at bukk 5 ½ år og eldre var mellom 0,5 og 1 %.
Struturteljinga frå sist haust viste om lag 7% bukk, 3 ½ år og eldre, og fortsatt svært lite gamal bukk i flokkane. Nemnda meiner ein med dette kan seie at me er «innanfor svarten» i forhold til den målsetjinga me har støtta dei siste åra, nemleg VKM si formulering; Bukk 3 ½ år og eldre, ned mot 0-3%. Vår vurdering er at med full oppslutning om dette vil me vera «nær nok» målet formulert av VKM til at me får arbeidsro framover. Den tida må me bruke godt til å få betre kunnskap og betre svar på alle våre ubesvarte spørsmål, samtidig som me arbeider for å betra allmenntilstanden til dyra.
Nemnda forventar at det etter jakta 2023 vert gjort opp ny status. Håpet er at me då har hatt ei bra jakt, at me ikkje har funne nye smittetilfelle, og at prøvetakinga er imponerande god. Dette er det beste me kan håpe på og me oppmodar alle aktørar om å bidra for å nå desse måla. Villreinnemnda meiner det er dette som etter kvart kan gje grunnlag for oppattbygging av både bestand ogbukkeandel, utan cwd på Vidda, slik me alle ynskjer.